top of page

Henting av nettbestillingar: Kl. 14–18, tysdag til søndag.

  • T&D-SOME-01_edited
  • T&D-SOME-02_edited
  • T&D-SOME-03_2_edited

Personvernerklæring for T&D BAKERI

Hos T&D BAKERI i Kaupanger er vi opptekne av å ta vare på ditt personvern. Denne erklæringa forklarar korleis vi samlar inn, bruker og handterer personopplysningar i samband med din bruk av nettsida vår.

Kva for opplysningar vi samlar inn

Vi samlar berre inn dei opplysningane som er nødvendige for å kunne tilby tenestene våre på ein trygg og effektiv måte. Dette kan inkludere informasjon som namn, e-postadresse, telefonnummer eller andre opplysningar du gjev oss når du tek kontakt eller gjer ein førespurnad gjennom nettsida.

Korleis vi bruker opplysningane

Opplysningane dine blir brukte for å:

  • Svar på førespurnader eller spørsmål

  • Forbetre nettsida vår og brukaropplevinga

  • Følgje opp tenester du har etterspurt
     

Deling av opplysningar

Vi deler ikkje opplysningar med tredjepartar, med mindre det er naudsynt for å oppfylle ein avtale med deg eller dersom lovverket krev det.

 

Dine rettar

Du har rett til å få innsyn i kva opplysningar vi har om deg, rette eventuelle feil, eller be om sletting av dataen din dersom det er mogleg innanfor lovverket.

Endringar i personvernerklæringa

Vi kan oppdatere denne personvernerklæringa frå tid til annan. Eventuelle endringar vil bli publiserte på denne sida.

Har du spørsmål om korleis vi handterer ditt personvern, kan du kontakte oss direkte via kontaktinformasjonen som er oppgitt på nettsida.

Takk for at du viser oss tillit!

bottom of page